Individuell plan

1. Kva tilbyr me?
Individuell plan er ein overordna plan og eit verktøy for samhandling mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteyterane. 
Ein individuell plan skal sikre:
•    at det til eikvar tid er nokon som har ansvar for koordinering og oppfølging av tenestene
•    at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
•    at alle tenesteyterane samarbeider med deg eller dine pårørande
•    samhandling mellom tenesteyterar på tvers av fag, nivå og sektor
•    kartlegging av dine ressursar, moglegheiter og behov, og kva hjelpeapparatet, din familie og andre i nettverket ditt kan bidra med 
•    For barn og unge er det foreldre eller føresette som er med og bestemmer innhaldet 

2. Kven kan få tilbodet?
Alle som har trong for to eller fleire helse- og omsorgstenester over tid har rett til å få utarbeidd ein individuell plan, uavhengig av alder, diagnose og funksjon. Ordninga med individuell plan er frivillig.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:  

Leiar koordinerande eining     Anne Grethe Amdal Osvåg    
                                                     Telefon: 468 61 866
                                                     E-post: annosv@bokn.kommune.no
                                                     Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                     Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Det er koordinerande eining i Bokn kommune som har det overordna ansvaret for individuell plan.
Det er ikkje krav til søknad og enkeltvedtak. Kommunen har plikt til å tilby individuell plan.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) 
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator - Lovdata
Individuell plan - en rettighet - Helsenorge
 

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)