Røykstove frå 1500-talet

Bildet viser - Klikk for stort bileteRøykstova på Laupland. Kyrre Lindanger

Røykstova på Laupland var opphavleg truleg ei årestove og reist av Rasmus som budde på garden sist på 1500-talet. Ei årestove er eit tradisjonelt bustadhus utan pipe, men med open eldstad midt i stova og med avtrekk for røyken gjennom ein opning i taket.

Lafteteknikk og forma på tømmeret tyder på at huset er frå 1500-talet eller tidleg 1600-tal. Stova har aldri hatt vindauge og har steingolv. Slik huset står i dag, er det eit eldhus og er flytta or det gamle tunet.

På 1800-talet blei det mura ei gruve med pipe over taket. Huset blei seld til museet i 1937 og er ein del av Karmsund Folkemuseum. Huset er kanskje det eldste trehuset på Haugalandet.

Kart