Individuell plan og koordinator

Målsetjing

Individuell plan er ein overordna plan og eit verktøy for samhandling mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteyterane.

Planen gir oversikt over ditt behov for offentlige tenester, kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlige hjelpeapparatet er ansvarleg for. Planen gir ikkje fleire rettar, men skal vere eit verktøy for samarbeid mellom deg og tenesteapparatet, og mellom dei ulike tenesteyterane.

Planen skal berre utarbeidast dersom du sjølv ønskjer det. 

Ein individuell plan skal sikre:

  • at det til eikvar tid er nokon som har ansvar for koordinering og oppfølging
  • at du får eit heilhetleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • at alle tenesteyterane samarbeider med deg eller dine pårørande
  • samhandling mellom tenesteyterar på tvers av fag, nivå og sektor

Kven kan få hjelp?

Alle som har trong for to eller fleire helse- og omsorgstenester over tid har rett til å få utarbeidd ein individuell plan, uavhengig av alder, diagnose og funksjon. 

Brukarmedverknad

Det er ditt mål som er utgangspunkt for den individuelle planen. Det er difor viktig at du deltek aktivt i å lage planen og halde denne oppdatert. Dine pårørande skal også ha anledning til å ta del i arbeidet i den grad du ønskjer det.

Koordinator

Prosessen startar med at du får oppnemt ein koordinator. Du kan sjølv framsetje ønskje om kven som skal vere din koordinator. Koordinator skal vere ein person som er tilsett i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Ein koordinator skal

  • syte for naudsynt oppfølging
  • sikre samordning av tenestetilbodet
  • sikre framdrift i arbeidet med individuell plan

Du har rett til å få oppnemt koordinator sjølv om du ikkje ønskjer ein individuell plan.

Helsepersonell har lovpålagt plikt til å melde frå til koordinerande eining om trong for individuell plan og å ta del i arbeidet med denne.

Korleis få individuell plan/koordinator?

Det er koordinerande eining i Bokn kommune som har det overordna ansvaret for individuell plan/koordinator og for oppnemning av koordinator. Søknad om individuell plan / koordinator skal rettast til 

Koordinerande eining i Bokn kommune v/Anne Grethe Amdal Osvåg, telefon: 468 61 866
E-post: annosv@bokn.kommune.no

Søknadsskjema, helse og omsorgstenester (PDF, 137 kB)

Klage

Du kan klage til koordinerande eining i Bokn kommune dersom du får avslag på individuell plan eller dersom planen ikkje fyller krava til kva ein individuell plan skal innehalde.
 

Meir informasjon

Forskrift om individuell plan etter helselovgivningen og sosialtjenesteloven

Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator

Individuell plan og koordinator

Helsedirektoratet si brukarbrosjyre om individuell plan og koordinator