Dagsenter

Målsettinga med dagsentertilbodet er å førebyggje, styrke og vedlikehalde den enkelte sin livssituasjon, fremje sosial tryggleik og bidra til ein aktiv og meiningsfull kvardag i fellesskap med andre. Dagsenteret skal gi tilbod til eldre som har behov for å komme seg ut for å vere med på aktivitetar og sosial deltaking ut over eige nettverk. Personalet på dagsenteret legg til rette og rettleier aktivitetane. Dagsentertilbodet tek utgangspunkt i vedkommande sine føresetnadar, og legg vekt på brukaren sine ynskjer og mål.

1. Kva tilbyr me?
Dagsentertilbod kan vere ein avlastning for pårørande, slik at brukar kan få bu heime så lenge som mogleg. 
•    Dagsenteret er ope kvar tysdag. Dagsenter for heimebuande med demens er eit tilbod som går samtidig med dagtilbod for heimebuande eldre, så langt dette er mogleg
•    Du får transport til og frå dagsenteret
•    Du får måltid
Tilbod om dagsenter for heimebuande med kognitiv svikt kan utarbeidast individuelt dersom omsorgssituasjonen for pårørande er ekstra krevjande. Dette vert i så tilfelle vurdert i samarbeid med pleie- og omsorgstenesta.

2. Kven kan få tilbodet?
•    Du har behov for aktivitet og sosialisering
•    Du må i størst mogleg grad vere sjølvhjelpen i aktivitetar i dagleglivet (ADL) 
•    Du må kunne meistre å vere i fellesskap med andre
•    Du må sjølv ynskje å vere her og vere motivert til å delta 
Dagsenter for heimebuande med kognitiv svikt:
•    Du har ein demensdiagnose
•    Dagplass vert vurdert med utgangspunkt i kartlagt funksjonsnivå (IPLOS)

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                       Telefon: 905 17 196
                                                       E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no

Ansvarleg for dagsentertilbodet         Torny Rossebø    
                                                                  Telefon: 930 93 998
                                                                  E-post: torny.rossebo@bokn.kommune.no
                
                                                        Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                        Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30


4. Slik søkjer du
Søk om dagsenter

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis, men du må betale for middag som vert servert på dagsenteret.
Sjå Bokn kommune sitt gebyrregulativ.

6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Dagtilbod er inga lovpålagt teneste, men kommunen viser likevel til 
•    Helse- og omsorgstenestelova §§ 3-3 tredje ledd, og 4-1
•    Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a tredje ledd
Dagsenter for personar med demens er frå 01.01.20 ei lovpålagt teneste frå kommunen
•    Helse- og omsorgstenestelova §§ 3-2 fyrste ledd nr. 7
•    Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a andre ledd