Pårørande til personar med rusproblem eller psykiske vanskar

Pårørande er ein viktig ressurs, og ein samarbeidspart ut frå rolla dei har. Pårørandeinnsatsen påverkar eiga helse, økonomi, fritid og familie- og vennerelasjonar på negativt vis, og kan føre til at pårørande har behov for konkret oppfølging eller eigne tenester.
Barn som lever saman med ein føresett som har ei psykisk liding eller eit rusmiddelproblem, er utsett for risiko. Helse- og omsorgspersonell skal bidra til å vareta behovet for informasjon og oppfølging som mindreårige barn av pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengnad eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade kan ha som følgje av tilstanden til forelderen.
 

1. Kva tilbyr me?
•    Individuelle samtalar med generell rettleiing og informasjon
•    Informasjon i den grad brukaren samtykker til dette
•    Nødvendig opplæring, rettleiing og avlasting dersom du er forelder eller pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid

2. Kven kan få tilbodet?
Du er pårørande dersom du er næraste familie til eller står nær ein person som har ein sjukdom, ei funksjonsnedsetjing eller ein avhengigheit.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Barn og unge     Henriette Lindanger    
                             Telefon: 938 51 409
                             E-post: henriette.lindanger@bokn.kommune.no

Vaksne         Miriam Berland    
                      Telefon:  404 10 570
                      E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no  

                      Besøksadresse:    Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
                      Kontortid:    måndag - fredag kl. 08.00–15.30 (onsdag stengd)

4. Slik søkjer du
Du kan sjølv ta kontakt for avtale, eller andre (fastlege/behandlar, heimetenesta, familie, vener) kan ta kontakt med ditt samtykke.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Pårørendes rettigheter – Informasjon til pårørende av pasienter med psykiske lidelser og rusmiddelproblemer 
Pårørende - hva nå? - Helsenorge 
Psykisk helse – tilbud til pårørende - Helsenorge

8. Samarbeidspartar / nettstader
Veiledningssenter for pårørende | Norske Kvinners Sanitetsforening (sanitetskvinnene.no) 
LPP - Pårørende innen Psykisk helse 
LEVE | Landsforeningen for etterlatte ved selvmord