1. Kva tilbyr me?
Følgjekort gjer det mogleg å ta med seg ein medhjelpar på kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga blir akseptert. Kvar enkelt arrangør avgjer om dei aksepterer følgjekort, og kva for ein rabatt kortet gir. Fordi kortet ikkje kan nyttast alle stader, må du sjølv undersøke om kortet blir akseptert på den aktuelle staden. Kortet gjeld for følgjeperson, du betaler sjølv på vanleg måte.
For barn vil kortet normalt bli utstedt for tre år om gongen, for vaksne vil kortet normalt bli utstedt for minimum to år.
2. Kven kan få tilbodet?
• Du har fysisk eller psykisk funksjonshemming som varer minimum 2 år
• Du treng hjelp eller følgje for å kunne delta på arrangement
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Sakshandsamar Anne Grethe Amdal Osvåg
Telefon: 468 61 866
E-post: annosv@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
4. Slik søkjer du
Du må grunngi søknaden din om følgekort, og dokumentere eit reelt behov for medhjelpar.
Søk om følgekort
Uttale frå lege eller helsepersonell er sensitiv informasjon, og må lastast opp i skjemaet eller ettersendast pr. post til Bokn kommune, sjå adresse ovafor.
Kriterier for følgekort
• Passfoto må leggast ved søknaden
• Du må legge ved uttale/dokumentasjon med underskrift og stempel frå enten ein kontaktperson i kommunen/spesialist/lege/offentleg helse- og sosialetat på at du har behov for ein eller fleire følgjarar for å kunne delta på aktivitetar i fritida.
Når du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak).
Dersom du får avslag på søknaden din, skal dette grunngjevast. Om du meiner avslaget er feil, kan du klage på vedtaket. Opplysningar om klageadgang, klagefrist, klageinstans og kor du skal sende klagen, finn du i vedtaksbrevet.
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Ledsagerbevis - Helsenorge
Ledsagerbevis | Bufdir