Vallokale på valdagen 11. september

  • På valdagen er idrettshallen i Bokn Arena vallokalet.
  • På valdagen er opningstida i vallokalet frå kl. 09:00 til kl. 20:00
  • Parkering skjer ved parkeringsplassen til Bokn Arena.

I perioden 10. august - 8. september kan du avgje førehandsrøyst på følgjande stader:

  • Servicetorget - Boknatun
    Torsdag 10. august - fredag 8. september: Kl. 09:00 -15:00 på kvardagar
  • Bokn folkebibliotek
    Måndagar frå 14. august – 4. september: Kl. 16:00 – 19:00

    (Trykk på dei ulike radene for å få meir informasjon om det du vil ha meir informasjon om. Trykk på rada igjen for å lukka).
Tidlegrøysting

Kan du ikkje røyste på valdagen eller i perioden for førehandsrøysting, kan du tidlegrøyste. Tidlegrøystinga startar 1. juli og sluttar når førehandsrøystinga startar 10. august.  Røystestaden er Servicetorget. Dagar og opningstid for tidlegrøysting er:

  • Måndagar i perioden frå 1. juli 2023 fram til førehandsrøystinga startar 10. august 2023.

Dersom du vil tidlegrøyste må du ringe Servicetorget på tlf. 52 75 25 00 for å avtale tid.

Institusjonsval

Det blir  førehandsrøysting på Bokn sjukestove tysdag 5. september mellom kl. 10.30 og kl. 11.30. Det blir gitt informasjon på institusjonen i god tid før valfunksjonærane kjem dit.

Alle som oppheld seg på Bokn sjukestove 5. september 2023 vil da kunne førehandsrøyste, både bebuarar, tilsette og besøkjande. 

Før 8. september kan du røyste kor du vil i landet

Førehandsrøyste  kan du gjere i hele landet.  Dersom du røystar utanfor eigen kommune, får du ein røystesetel med namna på dei registrerte politiske partia. Du må krysse av for kva parti du vil røyste på.  Røystesetelen er utan namn på partia sine kandidatar. Du kan difor ikkje gjere endringar på desse røystesetlane.

Er ikkje partiet eller gruppa du ønskjer å røyste på oppført på røystesetelen, kan du skrive namnet på dette partiet/gruppa på røystesetelen. Du kan også sjølv skaffe røystesetel frå valdistriktet ditt, og bruke han om du ønskjer å gjere endringar.

Røysta blir sendt til heimkommunen din for oppteljing.

Førehandsrøysting utanriks

Velgjarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste frå 1. juli hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakerar.  Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving.  Meir om korleis dette gjerast samt fristar for å røyste finn du på valdirektoratet sine sider.

Dersom du oppheld deg ein stad i utlandet kor det ikkje er mogleg å oppsøkje ein røystemottakar, kan du førehandsrøyste ved brevpost. Les meir om brevstemming på valdirektoratet sine sider.