Demenskoordinator

Ein demenskoordinator er eit bindeledd mellom deg som har demens, dine pårørande og hjelpeapparatet. Koordinatoren skal vere eitt fast kontaktpunkt i kommunen vidare i sjukdomsforløpet.

1. Kva tilbyr me?
Det overordna målet til demenskoordinatoren er å sikre at personar med demens får heilskapleg støtte, og at deira pårørande blir varetekne gjennom heile sjukdomsforløpet. 
Demenskoordinatoren skal sørgje for at personar med demens og deira pårørande får god utgreiing, oppfølging og eit tilpassa tenestetilbod. Dette inkluderer:
•    Støtte og rettleiing: Demenskoordinatoren følgjer opp og rettleier personar med demens og deira støtteapparat, og gir informasjon om tilgjengelege tenester og tilbod.
•    Kartlegging og utgreiing: Koordinatoren gjennomfører utgreiingsbesøk i heimen i samarbeid med fastlege og minneteam, og vurderer behov for tiltak og tenester.
•    Samarbeid med helsepersonell: Demenskoordinatoren samarbeider tett med fastlegar, heimesjukepleie og spesialisthelsetenesta, og kan gi rettleiing og undervisning til helsepersonell.
•    Ressursperson: Koordinatoren fungerer som ein ressursperson innan demens i kommunen og har oversikt over relevante tilbod.
•    Oppfølging i sjukdomsforløpet: Demenskoordinatoren tilbyr oppfølging gjennom sjukdomsforløpet, gir samtalar og tilrettelegging i tidleg fase for å halde oppe meistringsnivået så lenge som mogleg.
•    Tilvising og samarbeid: Demenskoordinatoren kan formidla kontakt til andre kommunale helse- og omsorgstenester ved behov, og bidrar til utvikling av gode rutinar og samarbeid på området.

2. Kven kan få tilbodet?
Du kan få hjelp av demenskoordinator viss du eller ein av dine næraste:
•    har behov for å bli greidd ut for demenssjukdom
•    treng oppfølging etter å ha fått ein demensdiagnose

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                       Telefon: 905 17 196
                                                       E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no 
                                                       Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                       Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
Demenskoordinator        
                                                       Telefon: 52 75 25 30 (Bokn sjukestove)
                                                       Besøksadresse: Boknatunvegen 41, 5561 Bokn

4. Slik søkjer du
Du kan ta direkte kontakt utan tilvising eller søknad.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) -  Lovdata

8. Samarbeidspartar / nettstader
Kognisjon og demens - Nasjonalt senter for aldring og helse
Demens - Helsenorge