Bautastein ved resegreftene på Alvestad

Bilde av bautastein ved resegreftene på Alvestad. - Klikk for stort bileteBautastein ved resegreftene på Alvestad. Jardar Havikbotn

Når båtar stryk gjennom Boknasundet, fylgjer dei det som har vore kyststamvegen i uminnelege tider. Fornminna langs sundet er eit bevis for kva makt som låg ved dette trafikale senteret. Her var det også godt høve til å kombinera jordbruk med fiske og fangst.

Då biskop Neumann i 1838 la ut på Bokn-visitt, rapporterte han om to runde gravrøyser på Austre Bokn og om 43 røyser eller steinkretser på motsatt side, på Alvestad, Sæbø og Boknaberg. Boknasundet er eit storhaugsenter. Det største gravfeltet blir kalla "Resegreftene" og ligg på Alvestad.

Kart