Alle menneske har behov for å vera i aktivitet. Regelmessig fysisk aktivitet gir overskot i kvardagen og har mange positive effektar på både fysisk og psykisk helse.
Det er ikkje nødvendig å trena hardt på å få betra helse. Små grep i kvardagen kan ha mykje å seia. Forsking viser at sjølv lett aktivitet gir helsegevinst. For mange vil det vera viktigare å vera litt aktiv oftare enn å gjera ei hard treningsøkt ein gong i blant. Viss ein er lite aktiv frå før, vil kvardagsaktiviteten vera viktig. Sjølv ein dagleg gåtur på nokre minutt kan verka.
Når du kjem i gong, kan du gjerne auka gradvis. Litt er bra, meir er betra. Du kan auka både aktivitetsnivået og intensiteten. Det viktigaste er at du finn noko du greier og som du trivst med.
Mange er allereie litt aktive og det er ikkje så mange minuttar ekstra i veka som skal til for mange før det bidreg til overskot og gir ein vesentleg helseforskjell.
Her kan du lese meir om å auke fysisk aktivitet i kvardagen