Rådgjevande eining for russaker

1. Kva tilbyr me?
•    Kartlegging av kva tenester og oppfølging du treng
•    Informasjon, råd og rettleiing knytt til moglege konsekvensar kring  bruk av rusmidlar
•    Informasjon om kva hjelpetilbod som finns, og tilbod om tilrettelagd individuell oppfølging. Dersom det er ønskjeleg med vidare oppfølging vil dette skje i det ordinære tenestetilbodet. Den rådgjevande eininga kontaktar aktuelle instansar etter samtykke frå deg. 
•    Tilbod om utredning av andre tenester, til dømes oppfølgingstilbod frå NAV 
Rusmiddeltesting kan i nokre tilfelle setjast som vilkår for påtaleunnlating, og det vil i desse høve vera den rådgjevande eininga som har ansvar for at slik testing vert utført.

Innhald frå møte i rådgjevande eining samt eventuelt svar på rusmiddeltest blir ikkje journalført i kommunen sitt journalsystem, registrering av oppmøte samt eventuelt testresultat er personsensitive opplysningar og lagrast i samsvar med dei krav som gjeld for slike opplysningar.
Rådgivande eining skal senda melding til påtalemakta i politidistriktet dersom du ikkje har møtt ved eininga, og/eller har positivt resultat av test.

2. Kven kan få tilbodet?
Dersom du vert teken for å bruka eller ha mindre mengder illegale rusmiddel tenkt til eigen bruk, og ikkje er rusmiddelavhengige eller har kjent rusmiddelproblematikk kan du måtte møta hos kommunal rådgjevande eining for russaker. 
Det er påtalemyndigheita som vedtek om du skal møta her i staden for fengselsstraff eller bot.

3. Korleis få tilbodet?
I Bokn kommune er rådgjevande eining for russaker organisert i koordinerande eining helse.
Kontaktinformasjon:

Leiar koordinerande eining    Anne Grethe Amdal Osvåg    
                                                     Telefon: 468 61 866
                                                     E-post: annosv@bokn.kommune.no
                                                     Besøkadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
                                                     Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30  

4. Slik søkjer du
Påtalemakta formidlar informasjon til Rådgjevande eining for russaker i kommunen. 
Eininga kallar deg inn til oppmøte og eventuelt til ruskontroll.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Lovdata
Lov om straff (straffeloven) - Kapittel 6. Fengselsstraff - Lovdata 
Påtaleinstruksen - Lovdata
Rådgivende enhet for russaker - Helsedirektoratet