1. Kva tilbyr me?
Formålet er å sikra tryggleik og føreseielegheit for deg som har fått ein kreftdiagnose, og at behova dine for oppfølging ut over sjølve kreftbehandlinga blir avdekt og følgt opp. Det skal bidra til auka fokus på livskvalitet, god helse og meistring.
Pakkeforløp heim inneber tre frivillige samtalar for å kartleggja behova dine. Den første samtalen blir gjort med spesialisthelsetenesta. Den andre og tredje samtalen blir utført i kommunen (enten ved kreftkoordinator, fastlege eller ressurssjukepleiarar) 3-4 månader, og 12-18 månader etter at du fekk diagnosen.
2. Kven kan få tilbodet?
Pakkeforløpet gjeld alle pasientar som reiser heim frå sjukehuset med ein kreftdiagnose. Nokre pasientar har i dag dialog med kreftkoordinator og/eller andre kommunale tenester. Dette pakkeforløpet gjeld alle pasientar uavhengig av alvorsgrad og funksjonsnivå.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Kreftkoordinator/ressurssjukepleiar Maria Hauen Våga
Telefon: 47 65 12 65
E-post: maria.hauen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 41, 5561 Bokn
Kontortid: etter avtale
4. Slik søkjer du
Sjukehuset sender melding til kommunen ved koordinerande eining for å informera om pakkeforløpet.
• Kreftkoordinator tek kontakt med pasienten og avtaler vidare oppfølging.
• Dersom pasienten allereie får heimetenester er det anten kreftkoordinator eller ressurssjukepleiar som gjennomfører kartlegginga.
• Er pasienten på eit sjukeheimsopphald har kreftkoordinator eller ressurssjukepleiar ansvar for oppfølginga.
• Dersom pasienten ønskjer at fastlegen skal ta oppfølginga, bestiller pasienten time hos fastlegen sjølv.
5. Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Pakkeforløp for kreft - Helsenorge
Brosjyre frå Helsedirektoratet om pakkeforløpet
Pakkeforløp – Kreftforeningen