1. Kva tilbyr me?
Døgnopphald for akutthjelp er innlegging av pasientar med behov for hjelp som er påtrengjande nødvendig, og der innlegginga ikkje er planlagt på førehand. Plikta til kommunen gjeld berre pasientar og brukarar som det er fagleg forsvarleg at kommunen gir akutthjelp til.
Kommunen kjøper plassar til kommunal augeblikkeleg hjelp døgnopphald av Haugesund kommune, sentralisert til Sentrum behandlingssenter.
2. Kven kan få tilbodet?
• stabile pasientar med avklart diagnose der hovudproblemet er akutt sjukdom som kan undersøkjast og bli behandla etter vanlege allmennmedisinske metodar
• stabile pasientar med avklart diagnose der hovudproblemet er forverring av kjent kronisk sjukdom med behov for innlegging og behandling
• pasientar med behov for medikamentjusteringar
• pasientar med akutte, men avklarte lidingar som infeksjonar i lunger og urinvegar,
steinsmerter, fall og hjerneristing
• stabile pasientar med uavklart diagnose, som treng observasjon og utgreiing, men som ikkje
blir oppfatta som alvorleg sjuk
• personar med lettare og moderate psykiske helseproblem og/ eller rusmiddelproblem, ofte i kombinasjon med somatisk sjukdom/plagar
• pasientar med avklart tilstand og/eller diagnose som får tilbakefall/forverring av (kjent) psykisk liding og/eller rusmiddelproblem, ofte med akutt funksjonsnedsetjing på ulike livsområde og der innlegging er nødvendig for å roe/avhjelpa ein vanskeleg livssituasjon.
Det er den medisinsk faglege vurderinga som bestemmer kva helsehjelp pasienten skal ha, og kor denne hjelpa vert gitt.
3. Korleis få tilbodet?
Legevakt - Haugesund kommune
4. Slik søkjer du
Det er legevaktslege eller fastlege som legg pasientar inn i dei kommunale akutthjelp-sengene. Tilbodet er tidsavgrensa til 72 timar.
5. Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
6. Klage
Klage skal vere skriftleg og sendast til tenesta/tenestestaden du vil klage på. Du kan også sende klage til statsforvaltaren.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Rett til å klage - Helsenorge
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-5 tredje ledd
Kommunenes plikt til øyeblikkelig hjelp døgnopphold.pdf (helsedirektoratet.no)