Dokumentasjon

Kartlegging er ein føresetnad for å kunna vurdera om, og eventuelt kva tenester som skal ytast. Det må innhentast opplysningar for å avklara om søkjaren fyller vilkåra for ytingar, avklara formålet med hjelpa, og kva typar tenester som trengst for å dekkja behovet. Kommunen kan også kartlegge ulike brukargrupper for å dokumentera venta etterspurnad som grunnlag for å prioritera mellom grupper og typar av tenester.
Den som yter helsehjelp, skal skriva ned eller registrera opplysningar i ein journal for kvar enkelt pasient. Formålet med journalføringsplikta er å sikra at opplysningar som er nødvendige og relevante for ei forsvarleg behandling av pasienten blir skrive ned og kan finnast igjen. Journalføringsplikta har også til formål å gi tilsynsmakter og andre relevante instansar innsyn i helsehjelpa som er gitt.
Bokn kommune nyttar ulike kartleggings- og journalsystem for dokumentasjon.

1. Kva tilbyr me?
Profil er eit elektronisk basert system som varetek fagleg arbeid innanfor pleie, omsorg, rehabilitering og helse. Profil dekkjer det tverrfaglege behovet for utveksling av informasjon samtidig som behovet for å verna informasjon blir vareteke.
Kjernejournal er eit nasjonalt digitalt helsesystem, som deler helseopplysningar på tvers i helsevesenet. Helsepersonell kan sjå helseopplysningane dine uavhengig av om dei jobbar på sjukehus, fastlegekontor, legevakt eller i kommunale pleie- og omsorgstenester.
Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) inneheld opplysningar om dei som har søkt om, får eller har fått helse- og omsorgstenester frå kommunen. Hovudformålet med KPR er å gi kommunale, regionale og sentrale helsestyresmakter grunnlag for planlegging, styring, finansiering og evaluering av helse- og omsorgstenester i kommunane.
Digihelse gjer at brukarar og pårørande kan kommunisera digitalt med helsepersonell via helsenorge.no. Alle meldingar blir lagra i den elektroniske pasientjournalen, slik at både brukaren og kommunen har god dokumentasjon.
Brukarplan er eit verktøy for å kartleggja omfanget og karakteren av rus- og/eller psykiske helseproblem blant brukarane av helse-, omsorgs- og velferdstenestene til kommunen.

2. Kven kan få tilbodet?
Alle som søkjer om og/eller tek imot helsehjelp skal kartleggast og få oppretta ein journal.

3. Korleis få tilbodet?
Kartlegging vert gjennomført når du søkjer om kommunal teneste. 
Dokumentasjon vert oppretta av tenesteytar.

4. Slik søkjer du
Kontaktinformasjon kartlegging og dokumentasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                        Telefon: 905 17 196
                                                        E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no 

Psykisk helse- og rustenesta    Miriam Berland
                                                      Telefon: 404 10 570
                                                      E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no 

                                                      Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                      Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Innsyn, retting og sletting i pasientjournal | Statsforvaltaren i Vestland
Kan jeg kreve sletting av opplysninger i pasientjournalen? | Datatilsynet

7. Lover og reglar 
Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) - Kapittel 8. Dokumentasjonsplikt - Lovdata
NOU 2004: 18 - regjeringen.no 
Forskrift om Brukerplan - Lovdata

8. Nettstader
Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) - FHI
Kjernejournal - Helsenorge
Brukerplan