Koordinerande eining

1. Kva tilbyr me?
Koordinerande eining skal:
•    bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med trong for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering frå fleire fagområde, nivå og sektorar
•    ha kompetanse til å kartleggje behov, planleggje habiliterings – og rehabiliteringsverksemda og ha ei sentral rolle i utvikling av dette tilbodet
•    vere pådrivar for at tenesteytarane i fellesskap kan lukkast i å setje pasienten og brukaren sine heilskaplege behov i sentrum for tenesteytinga
•    leggje til rette for god brukarmedverknad. Denne skal inkludere samhandling med pårørande

Individuell plan  
Koordinator 
Rådgjevande eining for russaker

2. Kven kan få tilbodet?
Alle pasient – og brukargrupper i Bokn kommune med trong for langvarige og koordinerte tenester kan vende seg til koordinerande eining.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Leiar koordinerande eining    Anne Grethe Amdal Osvåg    
                                                   Telefon: 468 61 866
                                                   E-post: annosv@bokn.kommune.no
                                                   Besøkadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
                                                   Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30  


4. Slik søkjer du
Koordinerande eining er ikkje ei helseteneste, men eit organ som skal bidra til tverrfagleg samarbeid og god koordinering på tvers av fag, einingar og nivå. Sjå det enkelte tenestetilbodet for å søkje. 
Dersom du søkjer om ei helse- og omsorgsteneste for første gang, er det vanleg at ein sakshandsamar kjem på heimebesøk til deg som ledd i utredninga.
Du vil få skriftleg svar på søknaden innan ein månad. Dersom søknaden ikkje kan behandlast innan fristen vil du få eit førebels svar med informasjon om sakshandsamingstid.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Individuell plan og koordinator:
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Kapittel 7
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator 
Rådgjevande eining for russaker:
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Kapittel 3
Lov om straff (straffeloven) - Kapittel 6