1. Kva tilbyr me?
Syn- og høyrselskontakt er eit tilbod til deg som har syn- og/eller høyrselstap som gir behov for hjelpemiddel.
Syn- og høyrselskontakten kan:
• Kartleggje behov, oftast ved eit besøk i heimen
• Formidle syns- og høyrselshjelpemiddel
• Gi opplæring i og oppfølging med hjelpemiddel
Hjelpemidlar kan ein få på varig utlån i heimen, under utdanning og i arbeidslivet.
Barn som har behov for hjelpemidlar i forhold til syns- eller høyrselsnedsetting blir hovudsakeleg vareteke av syns- eller audiopedagogar ved PPT. I enkelte saker kan det være aktuelt å samarbeide med syn- og høyrselkontakten.
2. Kven kan få tilbodet?
Har du eit syns- eller høyrselsproblem kan du ha rett til hjelpemidlar frå NAV, som til dømes brannvarsling for dei med nedsett høyrsel. Det er visse kriterium som må oppfyllast for å kunne vurdera om du har rett til varig utlån av hjelpemidlar:
• Høyrsel: Høyrselsnedsettinga må vere varig (minst 2 år) og vere bekrefta av spesialist/høyrselslege eller ved at du allereie har høyreapparat. Har nedsatt hørsel - nav.no
• Syn: Synsnedsettinga må vere varig og vesentleg svekka (minst 2 år) og den må vere diagnostisert og dokumentert av augelege. Har nedsatt syn eller trenger briller - nav.no
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Syns- og høyrselskontakt Irene Høyvik Jørgensen
Telefon: 901 13 267
E-post: irene.hoivik.jorgensen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
4. Slik søkjer du
I Bokn kommune er det ergoterapeuten og fysioterapeuten som er syn– og høyrselskontaktar, og er
kommunen sitt kontaktledd mellom deg med syn– og høyrselstap og NAV Hjelpemiddelsentral.
Søk om syns- og høyrselskontakt
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis. Tekniske hjelpemiddel der behovet er varig blir dekka av folketrygda.
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Nettstader
Tilpassingskurs for at du skal fungera betre med nedsett syn og/eller høyrsel
Hjelpemidler for personer med kombinerte sansetap - Nasjonal kompetansetjeneste for døvblinde