1. Kva tilbyr me?
Kreftkoordinator/ressurssjukepleiar er eit lågterskeltilbod i kommunen for kreftpasientar og pårørande. Målsetjinga er at den enkelte meistrar utfordringane i kvardagen i størst mogleg grad, og varetek kontroll og ansvar i eige liv.
Kreftkoordinator/ressurssjukepleiar kan bidra med:
• Vera eit lett tilgjengeleg tilbod kor pasient og pårørande kan ta direkte kontakt
• Kartlegging av behov
• Vera ein samtalepartnar som kan hjelpa deg å sortera tankar i ein utfordrande kvardag
• Vera ein ressursperson for deg og dine pårørande
• Ha oversikt over tilbod og tenester som kan vera til nytte for deg
• Gi råd og rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved slutten av livet
• Gi råd om lindring av plagsame symptom
• Gi råd og rettleiing om kost og ernæring
• Vera bindeledd mellom spesialisthelsetenesta og kommunen.
Sjå brosjyre om kreftkoordinator og ressurssjukepleiar
2. Kven kan få tilbodet?
Kreftkoordinator og ressurssjukepleiar er eit tilbod til deg som er ramma av ein kreftdiagnose eller anna alvorleg sjukdom, og dine pårørande.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Einingsleiar pleie og omsorg May Lisbeth B. Fiskaaen
Telefon: 905 17 196
E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
Kreftkoordinator/ressurssjukepleiar Maria Hauen Våga
Telefon: 47 65 12 65
E-post: maria.hauen@bokn.kommune.no
4. Slik søkjer du
Du kan ta direkte kontakt utan tilvising eller søknad.
5. Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Koordinator i kommunen og spesialisthelsetjenesten - Helsedirektoratet
Oversikt over kreftkoordinator i kommunene – Kreftforeningen