1. Kva tilbyr me?
Parkeringsløyve er eit parkeringskort skrive ut til deg som person. Det gir løyve til å parkere på alle offentlege parkeringsplassar merka for funksjonshemma.
Parkeringsløyvet for forflyttingshemma gir deg rett til å parkera gratis på
• avgiftsbelagde kommunale parkeringsplassar merka med HC-symbol eller skilt
• andre avgiftsbelagde vilkårsparkeringsplassar der det ikkje er skilta med betalingsplikt for forflyttingshemma
• stader der det er innført kommunal bustadsoneparkering
I tillegg til avgiftsfritak gir løyvet i nokre tilfelle utvida tidsavgrensing.
Parkeringsløyvet gjeld også for parkeringsplassar som blir drivne av private parkeringsselskap. På desse plassane må du som regel betala avgift.
NB! Avgift kan berre krevjast dersom betalingsløysinga er universelt forma ut.
2. Kven kan få tilbodet?
Du kan søkja kommunen om parkeringsløyve dersom du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevega deg.
Du kan søkja om parkeringsløyve som førar eller passasjer.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Bokn kommune, servicetorget Gro Sørensen
Telefon: 52 75 25 00
E-post: postmottak Bokn kommune
Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
4. Slik søkjer du
Kommunen pliktar å sørga for denne tenesta, og skal innhenta nødvendige opplysningar og fatta vedtak.
Søk om parkeringsløyve
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
6. Klage
Klagefrist er 3 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Parkeringsløyve for bevegelseshemma - Bokn kommune
7. Lover og reglar
Retningslinjer til forskrift om parkeringstillatelse - Statens vegvesen
Parkeringstillatelse - Norges Handikapforbund