Flyktningtenesta

1. Kva tilbyr me?
Busetting og oppfølging
•    busetting i samsvar med gjeldande vedtak
•    bustad og etableringspakke etter behov
•    økonomisk støtte frå NAV etter behov
•    praktisk bistand og rettleiing i etableringsfasen etter behov
•    kontaktperson som koordinerer og følgjer opp tenester
•    setje i verk og koordinere introduksjonsprogram
•    samarbeid med andre instansar, både offentlege og private, for å bidra til norskopplæring, utdanning og arbeid
•    arbeide for god integrering i samarbeid med frivilligheita

Introduksjonsprogram
Deltaking i introduksjonsprogrammet skal bidra til å gi grunnleggjande ferdigheiter i norsk språk, forståing for norsk samfunnsliv og førebuing på å delta i yrkeslivet eller i utdanning. Målet for introduksjonsprogrammet er å komma i gang med utdanning eller i arbeid. 
-    du har rett og plikt til deltaking i programmet dersom du er flyktning og mellom 18 og 55 år
-    dersom du har kollektivt vern har du rett, men ikkje plikt, til å delta i programmet
-    det same gjeld familiemedlemmer som kjem seinare til landet
Introduksjonsprogrammet skal og kan innehalda 
-    opplæring i norsk og samfunnskunnskap 
-    kurs i Livsmestring i eit nytt land 
-    foreldrerettleiing 
-    arbeidsretta eller utdanningsretta aktivitetar 
-    integreringsfremjande innhald
Som deltakar i introduksjonsprogrammet får du 
-    tett og individuell oppfølging
-    økonomisk støtte
-    karriererettleiing

Språkpraksis og arbeidstrening
-    språkpraksis/arbeidstrening 2 dagar i veka. Nokre har eit skreddarsydd introduksjonsprogram med praksis opptil 5 dagar per veke
-    Som regel avtaler me 6 månader språkpraksis/arbeidstrening, dette vert tilpassa individuelt

Barnehage
Barn som er busett i kommunen har rett til barnehageplass.

Skule
Alle barn har rett til grunnskuleopplæring når det er sannsynleg at dei skal opphalda seg i Noreg lengre enn tre månader. Retten skal oppfyllast så snart som mogleg og seinast innan éin månad.

Helse- og omsorgstilbod
Gratis førstegongs helseundersøking i tråd med nasjonal rettleiar:
o    Helsekartlegging
o    Tilvising, oppfølging og koordinering av dine hjelpebehov til dei rette instansane
Kjem du frå eit land der tuberkulose er utbreidd, har du plikt til å gjennomgå ei tuberkuloseundersøking. 

Aktivitetar
Flyktningtenesta jobbar spesielt med å formidla lågterskeltilbod for barnefamiliar, som til dømes turar, kurstilbod, ferieaktivitetar og andre typar arrangement.

2. Kven kan få tilbodet?
Du har rett til busetjing etter avtale med Integrerings – og mangfaldsdirektoratet (Imdi) viss du:  
•    har fått asyl og dermed status som flyktning
•    er overføringsflyktning
•    har fått kollektivt vern
•    har fått opphald på humanitært grunnlag etter ein søknad om asyl
•    er familiegjenforeina til ein dei gruppene nemnde over

3. Korleis få tilbodet?
Dersom du har spørsmål om ordninga, kontakt:

Flyktningkoordinator            Anne-Beth Steinsnes
                                                 Telefon: 474 67 435
                                                 E-post: anne-beth.steinsnes@bokn.kommune.no 
                                                 Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
                                                 Kontortid: etter avtale

4. Slik søkjer du
Du kan sjølv ta kontakt med flyktningkoordinator, eller andre kan ta kontakt med ditt samtykke. Det er ikkje krav til søknad eller enkeltvedtak. 
Du vil bli møtt av flyktningkoordinator den dagen du kjem for å busetje deg i Bokn.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage 
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar
Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) - Lovdata
Beskyttelse | Flyktning
Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) - Lovdata
Lov om folketrygd (folketrygdloven) - Lovdata
Forskrift om tuberkulosekontroll - Lovdata
Rettigheter, ansvar, organisering - Helsedirektoratet
Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven) - Lovdata

8. Samarbeidspartar / nettstader
Informasjon til personer som flykter fra krigen i Ukraina - UDI