Legevakt

1. Kva tilbyr me?
Haugesund legevakt er for akutt, alvorleg sjukdom og skade som ikkje kan vente til neste dag. Ved behov for augeblikkeleg hjelp i vanleg kontortid, må du kontakte fastlegen din. 
Legevakta er døgnbemanna med sjukepleiarar og legar.
Når du ringer eller ved fysisk oppmøte til legevakta, har vi ikkje tilgang til journalen din frå sjukehuset eller andre stader. Det er difor nødvendig at du som pasient informerer om:
•    Ditt fullstendige namn
•    Di folkeregistrerte adresse
•    Fødsels- og personnummer
•    Namn på fastlegen din
•    Oversikt over faste medikament
•    Om du har frikort
•    Andre relevante opplysningar som vedkjem helsa di.
Ventetid
Det er ingen ordinær køordning. Ut frå ei fagleg vurdering vil det som hastar mest gå føre andre pasientar som venter. Sjukepleiar vurderer kva hastegrad du høyrer til i samsvar med «Norsk indeks for medisinsk naudhjelp»:
•    Rød respons – augeblikkeleg hjelp
•    Gul respons – vert vurdert ut i frå alvorsgrad 
•    Grøn respons – vert vurdert som ikkje akutt. Du må vente på ledig kapasitet, eller blir tilvist til fastlegen din
Reseptar
Legevaktslege skiv berre ut medikament som gjeld den aktuelle behandlinga. Vanedannande medikament (gruppe A og B) vert ikkje skriven ut ved legevakta. Faste medikament må ein få resept på hos fastlegen sin. 
Reseptar vert henta ut på apotek. Dersom apoteket er stengt, kan ein få med seg startdosen på behandlinga frå legevakta. 
Sjukemelding
Legevakta sjukemelder berre for ein kortare periode. Forlenging av ein sjukemelding eller oppfølging er det fastlegen til pasienten som står for.

2. Kven kan få tilbodet?
Haugesund legevakt skal utanom fastlegen si opningstid gi akutt hjelp til alle som bur og oppheld seg i Haugesund kommune, på Nord-Karmøy (nord for Bø ungdomskule) og fastlands-Karmøy, samt kommunane Tysvær, Sveio, Bokn og Utsira.

3. Korleis få tilbodet?
Vi oppfordrar alle til å ringe legevakta fyrst. Du får då ei vurdering av sjukepleiar. Det vert ut ifrå opplysningar som kjem fram i samtalen, enten gitt råd og rettleiing, eller avtale om legekonsultasjon. 

Kontaktinformasjon:

Opningstid: Heile døgnet. Mellom kl 23:00 og kl 08:00 vert dørene låst, og konsultasjonar med lege må avtalast på telefon i forkant.

4. Slik søkjer du
Legevakttelefon: 116 117
Kritisk sjukdom som hastar: 113

5. Kva kostar det?
Betaling for konsultasjon og eventuelt medikament/materiell, skjer i automat med kort, kontantar eller giro.

6. Klage 
Klage skal vere skriftleg og sendast til tenesta/tenestestaden du vil klage på. Du kan også sende klage til statsforvaltaren.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Rett til å klage - Helsenorge
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) - Lovdata
Legevakt og legevaktsentral - Helsedirektoratet