Heimehjelp

1. Kva tilbyr me?
Praktisk hjelp i heimen omfattar hjelp til alle daglege praktiske gjeremål i heimen. Tenesta skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og bidra til å gjere vedkommande mest mogleg sjølvhjelpen med tanke på eigenomsorg og gjeremål i det daglege. Tenesta skal, dersom det er hensiktsmessig, bidra til opplæring i daglege gjeremål.

2. Kven kan få tilbodet?
•    Personar med vesentleg funksjonssvikt over tid
•    Personar med spesielle behov, ved for eksempel kognitiv svikt
•    Personar som ikkje sjølv kan utføre husarbeid ved å ta tida til hjelp, og/eller ved bruk av hjelpemiddel
•    Personar som ikkje bur saman med andre som kan utføre husarbeid
•    Personar som treng eit tidsavgrensa tiltak/verkemiddel til eigen meistring. 
Den som får innvilga praktisk bistand heime må sjå til at arbeidsforholda ligg til rette, ved at utstyret heimehjelparen nyttar må vere lett tilgjengeleg, funksjonelt og reint. Med utstyr meiner man for eksempel støvsugar, langkost/mopp med regulerbart skaft, reingjeringsmiddel, vaskemaskin, bøtte, klut og liknande.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                       Telefon: 905 17 196
                                                       E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no 
                                                       Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                       Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om praktisk hjelp i heimen. 
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan i samanheng med dette avtale kartleggingsbesøk i heimen for å få eit inntrykk av funksjonsnivå og behov. 
Søk om heimehjelp 

5. Kva kostar det?
Praktisk bistand er ein teneste man må betale for. Tenesta er regulert i  Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester. Satsar for eigenbetaling vert vedtatt av kommunestyret kvart år,  sjå Bokn kommune sitt gebyrregulativ. Kommunen sender faktura på etterskot. 

6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd