Omsorgsbustad

1. Kva tilbyr me?
Kommunen har totalt 13 omsorgsbustadar fordelt på to ulike nivå; 7 nye omsorgsbustadar bygd i 2019 og 6 i den eldste avdelinga.
Omsorgsbustadane legg til rette for eit heilskapleg helse- og omsorgstenestetilbod til eldre som har behov for både bustad, heimesjukepleie, praktisk bistand og dagsenter. Omsorgsbustadane har same brannvarslingssystem som institusjonen, og sikrar difor raskare hjelp ved fare for brann
•    Du er leigetakar, og butilhøve er regulert av husleigekontrakt
•    Fellesarealet vert reingjort av kommunen
•    Omsorgsbustadane vert vedlikehaldne av kommunen
•    All aktuell tenesteyting er individuelt vurdert i høve til den einskilde og vert tildelt etter gjeldande kriteria 
Du har ansvar for: 
•    Betaling av husleige, straum og andre utgifter til hushald
•    Forsikring av innbu
•    Innreiing og reingjering av eigen bustad

2. Kven kan få tilbodet?
•    Du har nedsett funksjonsevne og treng særskilt tilrettelagt bustad for å kunne meistre større delar av kvardagen på eiga hand
•    Du treng helse- og omsorgstenester av eit visst omfang
•    Lågare omsorgsnivå er vurdert
Du har ikkje rett til tenesta dersom du kan få naudsynte helse- og omsorgstenester på eit lågare omsorgsnivå.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                       Telefon: 905 17 196
                                                       E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no  
                                                       Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                       Kontortid: måndag - fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Søknad vert handsama administrativt i Koordinerande eining.
Søk om omsorgsbustad

5. Kva kostar det?
Eigenbetaling vert regulert av husleigekontrakt i høve til taksthefte som årleg vert regulert av kommunestyret.

6. Klage 
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Pasient og brukarrettighetslova § 2-1a andre ledd
Helse og omsorgstenestelova § 3-7 
Husleigelova § 11-1