Langtidsopphald

1. Kva tilbyr me?
Kommunen ynskjer at alle skal bu heime eller i tilpassa bustad så lenge som mogleg. Langtidsopphald er eit tilbod til personar som har behov for varig opphald på institusjon. 
Tenesta er bemanna heile døgnet.

2. Kven kan få tilbodet?
•    Du har omfattande tenestebehov og døgnkontinuerleg pleie- og omsorgsbehov, og tilrettelagte tenester i heimen er ikkje tilstrekkeleg. 
•    Du har behov for pleie og omsorg ved livets slutt. 
Dersom du oppfyller vilkåra for langtidsopphald, og det ikkje er plass, vert du satt på venteliste. 
Venteliste gir ikkje fortrinnsvis rett på plass, då ledig plass vert gitt etter behov.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                        Telefon: 905 17 196
                                                        E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no 
                                                        Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                        Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søke om langtidsopphald. 
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan i samanheng med dette avtale kartleggingsbesøk i heimen for å få eit inntrykk av funksjonsnivå og behov. 
Søk om langtidsopphald

5. Kva kostar det?
Sjå Bokn kommune sitt gebyrregulativ.
•    Du må betale vederlag for opphald etter forskrift og ut frå inntektsopplysningar.
•    Du må sjølv betale for eigne klede og sko, samt forbruksmateriell utover det institusjonen tilbyr.
Sjukestova har ikkje ansvar for verdigjenstandar og private eigedelar som briller og høyreapparat. Du må teikna eiga forsikring på desse. 

6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Pasient og brukarrettighetslova §§ 2-1e og 3-1 andre ledd
Helse og omsorgstenestelova §§ 3-2 fyrste ledd nr. 6, bokstav c og 3-2a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd pkt 4, 5 og 6 bokstav c 
Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester 
Forskrift om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særleg tilrettelagt for heildøgns tenester