Kurstilbod

Gla`trimmen

Gla'trimmen er eit gratis trimtilbod for seniorar.  

Det trimmast kvar måndag i Bokn arena frå kl. 10.20 - 11.10 (opent frå kl. 10). Har du spørsmål om Gla`trimmen? Kontakt Sigrunn Hole Hosaas tlf: 90502109

Ta med

  1. Det aktuelle humøret du har den aktuelle dagen
  2. Godt fottøy
  3. Passande trim-klede
  4. Vatn som tørstedrikk
Balansegruppe

Dette er eit gruppetreningstilbod for personar med nedsett balanse og som kjenner seg ustø i kvardagen. Viss du ønskjer å bli trygg på eigne bein, er dette eit tilbod for deg.  Passar både for dei med og utan ganghjelpemiddel. 

Målgruppa er eldre som er ferdige med kvardagsrehabilitering eller eit individuelt rehabiliteringsforløp, og eldre som bur heime og merkar at balanse og styrke ikkje lenger er det det ein gong var. Målsettinga med gruppa er å forhindre fall og fortsette å vere sjølvstendige heime. Treninga skjer i ei gruppe med begrensa antal og foregår ein gong i veka i 10 veker.

Påmelding/Informasjon

Kontakt kommunal fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen på telefon 901 13 267 eller irejor@bokn.kommune.no 

Er gruppa full nå kan du stå på liste til neste gruppe startar. Det går to grupper parallelt og det blir fleire grupper pr. halvår. Pris er 300 kr.

Bra Mat

«Bra mat for betre helse» er eit inspirasjonskurs der det er fokus på å auka motivasjon til å oppnå eit varig sunnare kosthald. Kurset byggjer på Helsedirektoratets tilrådingar for kosthald og vektlegg kosthaldsendringar over tid under mottoet «små steg – store endringar». Det er eit gruppebasert kurstilbod der det blir lagt til rette for erfaringsutveksling mellom deltakarar.

Ta kontakt med frisklivssentralen for meir informasjon. 

Digitalt meistringstreff for brukar eller pårørande

Å leva med helseutfordringar kan medføra store forandringar i kvardagen.

Meistringstreff er for deg som ønskjer:

  • å få kunnskap om meistring og prøva ut ulike meistringsverktøy
  • å oppdaga og utvikla tru på eigne ressursar
  • å treffa og læra av andre som også lever med helseutforingar eller er pårørande
     

Mestringstreff er for deg over 18 år som har langvarig sjukdom, nedsett funksjonsevne og/eller psykiske eller fysiske belastningar – eller deg som er pårørande til denne gruppa.
Ta kontakt med frisklivssentralen for meir informasjon.

 

Frisklivstrening

Frisklivstrening er eit tilbod for alle som ønskjer å bli meir aktive i kvardagen. Kurset kombinerer både teori og praktisk trening, både utandørs og innandørs. Helsedirektoratet sine tilrådingar dannar grunnlaget for kurset, med fokus på å avgrensa sitjestilling og auka kvardagsaktivitet. I løpet av kursperioden vil deltakarane erfara kva for nokre positive effektar fysisk aktivitet har, både på den fysiske- og psykiske helsa.

Ta kontakt med Frisklivssentralen for meir informasjon. 

Snus- og røykeslutt

Det er lettare å slutta saman med andre! Friskliv- og meistring tilbyr slutterettleiing i grupper. I dei tre første møta førebur du deg på å slutta, i dei tre neste jobbar ein med vidareføring og motivasjon. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet. 

Ta kontakt med frisklivsentralen for meir informasjon . 

Søvnkurs for vaksne

Søvnkurset er for deg som er over 18 år, opplever søvnvanskar som påverkar kvardagen, og som ønskjer å forbetra søvnkvaliteten utan å bruka medikament. Søvnkurset er utvikla av Helsedirektoratet.

Kurset dekkjer tema som kunnskap om søvn og søvnvanskar, søvnvanar, antakingar om søvn, og avspenningsteknikkar. Du vil få utlevert ei søvndagbok, som me tilrår at du jobbar aktivt med gjennom kursperioden.

Kurset er best eigna for deg som ikkje lid av spesielle søvnsjukdommar, som til dømes søvnapné eller restless legs. Det er heller ikkje spesielt godt eigna viss du har søvnvanskar grunna ei pågåande akutt krise eller fordi du går gjennom ei vanskeleg tid akkurat no.

Ta kontakt med frisklivsentralen for meir informasjon. 

Rask psykisk helsehjelp

Personar over 18 år med behov for korttidsbehandling for nyleg oppstått angst, depresjon av mild til moderat grad eller stress og belastningsplager kan få rask psykisk helsehjelp.  Meir informasjon om tenesta finn du her. Du kan óg ta kontakt på tlf: 40 41 05 70 eller e-post: miriam.berland@bokn.kommune.no

Helse Fonna lærings- og meistringssenter

Sjå oppdatert kurskalender og planlagte aktiviteter på deira nettsider.