Startlån til bustadkjøp i Bokn kommune

Startlån er for barnefamiliar og personar som er i særlig utfordrande situasjonar og manglar eigna bustad. I Bokn er også slike lån for unge nyetablerarar på bustadmarkedet.

Startlån er ei strengt behovsprøvd ordning som blir gitt til sosialt og økonomisk vanskelegstilte husstandar. Midlane er begrensa, og me anbefaler at du avtaler eit møte med kommunen før du søker.

Sjekk om du er i målgruppa her:​​​​​​

Det er krav om at du må vera busett i kommunen for å kunne søka om startlån i Bokn. Du bør også lesa retningslinjene før du sender inn søknad. 

Retningslinjer, vedtatt i kommunestyret 4. februar 2020 (PDF, 739 kB)

Søknad

Du søkjer elektronisk ved hjelp av Bank-ID. Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å fylla ut søknadsskjemaet.
 

Elektronisk søknadsskjema finn du her

Hvis du ikkje har Bank-ID, må du ha ein person som kan hjelpa deg (medhjelpar), og som får elektronisk fullmakt til å senda inn på vegne av deg – via sin ID. Du må ta kontakt med kommunen på førehand, slik at dette blir registrert.

Merk at det frå 2020 ikkje lenger blir gitt tilskot til etablering ved kjøp av bustad. Det blir heller ikkje gitt tilskot til generell utbetring av bustad.

Informasjonsbrosjyrer om startlån frå Husbanken finn du her