1. Kva tilbyr me?
Eit hjelpemiddel skal bidra til å redusera praktiske problem.
Formidling skjer via fysio-/ergoterapitenesta i kommunen.
• Kartlegging av behov, oftast ved eit besøk i heimen
• Formidling av hjelpemiddel
• Opplæring i og oppfølging med hjelpemiddel
Ved behov for hjelpemiddel for ein kort periode kan ein få låne hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager, m.a. toalettforhøyar, dusjkrakk, rullator. Ta kontakt med fysioterapeuten for avtale, så kan ein hente hjelpemidla på Boknatun. Ved planlagt operasjon bør ein ta kontakt i god tid på førehand slik at ein kan ha hjelpemidla klare til utskriving. Ved spesielle tilfelle der det oppstår akutt behov i helger/ettermiddag kan ein kontakte sjukestova.
Dersom behovet for hjelpemiddel er varig (2 år eller meir) kan fysioterapeut eller ergoterapeut hjelpe med å vurdere behov og søke NAV hjelpemiddelsentral om hjelpemiddel. Småhjelpemiddel som gripetang, handtak m.m. må brukar kjøpe sjølv.
Du forpliktar deg til å ta vare på hjelpemidla og levere dei tilbake når behovet er avslutta. Brukar har ansvar for reinhald og dagleg vedlikehald av hjelpemidler.
2. Kven kan få tilbodet?
• Funksjonsvanskane må vera varige. Det vil seia at vanskane strekkjer seg over over to år.
• Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstap uavhengig av alder.
• Du må ha medlemskap i folketrygden.
Har du behov for kortvarig utlån av hjelpemiddel, må du ta kontakt med kommunen din.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Kommunal fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen
Telefon: 901 13 267
E-post: irene.hoivik.jorgensen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
4. Slik søkjer du
Ein treng ikkje tilvising frå fastlege men kan sende inn førespurnad på skjema som ligg på nettsida. Helsesjukepleiar, barnehage, skule og andre kan og ta kontakt med fysioterapeut etter samtykke frå foreldra.
Søk om fysioterapi, ergoterapi og hjelpemiddel
5. Kva kostar det?
Kommunen kan krevje vederlag av brukaren. Vederlaget er fastlagt i statleg forskrift.
For tekniske hjelpemiddel der behovet er varig (over 2 år), blir desse dekka av folketrygda. Kommunen dekker utlån ved kortare behov.
6. Klage
Klage på avgjerd om korttidsutlån av hjelpemiddel, skal rettast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet.
Skal du klage på avgjerd om varig utlån, skal klagen retttast til NAV Hjelpemiddelsentral i fylket. Klagefrist er seks veker frå du fekk svarbrevet.
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Klage og tilbakemeldinger - nav.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Hjelpemidler og tilrettelegging - nav.no
NHFs rettighetshefte om hjelpemidler