Me kan tilby

Målsetjing

Fritidskontakt er ei teneste til born, unge, vaksne eller eldre som treng støtte og hjelp til deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Fokus er å bryte isolasjon ved at menneske kjem seg ut av heimen på ulike sosiale, kulturelle eller fysiske aktivitetar. I tillegg får dei byggje nettverk og prøve ut nye aktivitetar. Tilbodet skal hjelpe den som treng det å bli meir trygg på seg sjølv, takle ulike livssituasjonar betre og omgås andre menneske i større grad.

Me kan tilby

Du kan søkje om å få fritidskontakt på bakgrunn av sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale utfordringar eller nedsett funksjonsevne. Det er dine / eventuelt din familie sine behov som er avgjerande ved tildeling av fritidskontakt.

Vedtak om fritidskontakt er målstyrt og tidsavgrensa.

Målsetjing for tenesta blir utarbeidd saman med deg.

Tilbodet kan organiserast individuelt, i gruppe eller i samarbeid med ein frivillig organisasjon.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Du må sjølv dekke eigne utgifter til aktivitetar (eks inngangspenger, billett, mat).

Du må også dekke eigne utgifter til transport (eks buss, privat bil)

Dersom du treng følge eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement, kan du søkje kommunen om følgekort.

Søknadsskjema, følgekort