Folgehus frå 1743

Bildet viser folgehuset i 2012. - Klikk for stort bileteFolgehuset i 2012. Jardar Havikbotn

Dette huset blei truleg reist av Jens og Anna som heimehus kring ein gong før 1743 som avløysing for den gamle røykstova. Dette årstalet er skrive i veggen, og huset må difor vera minst så gammalt. Sidan var det i bruk som bustadhus til innpå 1830-talet då det nye, staselege heimehuset som framleis er i bruk, blei reist.

Det gamle huset blei sidan nytta ei tid som folgehus for sidan å enda som hønsehuset. Også denne bygningen blei flytta or det gamle tunet og ligg i dag i lag med røykstova. På Laupland har me altså tri generasjonar heimehus som spenner frå sist på 1500-talet til 1830-talet. Bokn bygdemuseum tok over bygningen kring 1980.

Kart