Barnevernet

Barnevernet si hovudoppgåve er å bidra til at det enkelte barn får nødvendig hjelp og omsorg når barnet på grunn av forholda i heimen, eller av andre grunnar, har særleg behov for det.

Barneverntenesta jobbar med mange barn som har ulike behov for hjelp.

Når barnevernet får ei bekymringsmelding om eit barn, blir det vurdert om meldinga skal gå til undersøking eller ikkje. Undersøkinga inneber å finna ut korleis barnet har det heime og kva slags hjelp barnet eventuelt har behov for. Det blir praktisert å snakka med barnet/ungdommen om deira syn på situasjonen før hjelpa blir tilbydt.

Barneverntenesta kan iverksetta mange ulike hjelpetiltak, som til dømes råd og rettleiing, familierettleiing, økonomisk bistand, besøksheim og støttekontakt m.m.  Rettleiinga til barnevernet og hjelpetiltak skal gjera det mogleg å kunna forebygga situasjonar som ellers ville gjera det nødvendig med meir alvorleg inngripen for å beskytta barn og unge. Dei fleste barn får hjelp heime hos familien sin, mens nokre barn får det betre ved å flytta i fosterheim eller på institusjon.

Førebyggande tiltak for utsette barn i samarbeid med heimen er eit tillegg til foreldra sitt omsorgsansvar. Ved plassering utanfor heimen overtar det offentlege ansvaret.


Bokn kommune kjøper barnevernteneste av Karmøy kommune.

 

Opningstider

Barneverntenesta har kontortid kvardagar frå kl. 08.00 til 15.30
Telefon dagtid
Telefon: 900 63 350
SMS: 977 77 709

Vakttelefon
Barnevernberedskap: 915 32 510
Alarmtelefon barn og unge: 116 111

Besøks- og postadresse
Karmøygården,
Stangalandsgata 3, 4250 Kopervik