1. Kva tilbyr me?
Eit heimebesøk kan ha ulike perspektiv, «Kva er viktig for deg?» står sentralt.
Tema for samtalen er:
- Bustad
- Kosthald
- Meistring i kvardagen
- Einsemd
- Eiga helse
- Forventningar om tida framover
Eit heimebesøk varer ca 30 minutt.
2. Kven kan få tilbodet?
Alle innbyggjarar får tilbodet det året dei fyller 75 år og det året dei fyller 85 år.
Du må ikkje ha konkrete sjukdommar eller plagar for å ta imot besøk.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Helseteam for eldre Anne Lise Nilssen
Telefon: 52 75 25 40
E-post: anne.lise.nilssen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Bokn legekontor, Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: tysdag – fredag kl. 08.00 – 15.00
4. Slik søkjer du
Helseteam-sjukepleiar frå kommunen tek kontakt med deg på telefon for å avtale tid for heimebesøket det året du fyller 75 år og det året du fyller 85 år.
5. Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Forebyggende hjemmebesøk i kommunen - Helsedirektoratet