Ungdomsbustad

1. Kva tilbyr me?
Kommunen har fire ungdoms-bustadar.

2. Kven kan få tilbodet?
•    Ungdom mellom 18 og 35 år, og ha lovleg opphald i Noreg med bustadadresse i Bokn dei siste 6 månadane, eller som har nær familie som oppfyller kravet til bu -tid i kommunen
•    Er utan eigen bustad
Tenestemottakar sitt ansvar:
•    Betaling av husleige, straum og utgifter knytt til hushaldet
•    Forsikring av innbu
•    Innreiing av eigen bustad
•    Reingjering av eigen bustad
•    Bidra til eit godt miljø

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Leiar koordinerande eining     Anne Grethe Amdal Osvåg    
                                                    Telefon: 468 61 866
                                                    E-post: annosv@bokn.kommune.no
                                                    Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                    Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Søk om ungdomsbustad.
Før kommunen kan behandle søknaden din, må vi ha inn all nødvendig dokumentasjon. Du må i søknaden seie noko om nåverande bu forhold, for eksempel om du eig bustaden du bur i, eller om du leiger eller om det er andre forhold som er viktig for oss å vite. Vi må og vite kva adresse du har i folkeregisteret. For å unngå at søknaden vert avvist, må du i tillegg laste opp vedlegg som viser:
•    Dokumentasjon på inntekt:
-    Samla brutto arbeidsinntekt pr månad for den/dei som skal leige
-    Samla formue; bankinnskot, aksjar
-    Samla ytingar frå NAV pr månad 
-    Anna inntekt
•    Dokumentasjon på utgifter
•    Nåverande låneforpliktingar (samla oversikt over gjeld):
-    Studielån
-    Forbrukslån
-    Kredittkortgjeld

5. Kva kostar det?
Eigenbetaling vert regulert av husleigekontrakt i høve til taksthefte som årleg vert regulert av kommunestyret.

6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 

7. Lover og reglar 
Husleigelova § 11-1