Psykososialt kriseteam

Brosjyre til kriseramma (PDF, 213 kB)

Målsetjing

  • Bidra til at ramma og berørte enkeltpersonar, familiar og lokalsamfunn får tilbod om forsvarleg psykososial oppfølging og støtte frå tenesteapparatet i etterkant av kritiske hendingar
  • Bidra til å normalisere livssituasjonen, mobilisere nettverk  og førebyggje at traumatiske opplevingar utviklar seg til psykiske langtidsskader
  • Bistå det ordinære hjelpeapparatet og vere eit supplement til dei etablerte tenestene og til den hjelp og støtte som dei ramma har for øvrig
  • Sørgje for nødvendig oppfølging fram til ordinære ressursar kan overta i akutte og semiakutte situasjonar


Kven kan få hjelp?

Alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen som opplever ekstraordinære kriser, alvorleg ulukke eller katastrofe som til dømes:

  • alvorlege, dramatiske og traumatiske hendingar som til dømes sjølvmord
  • brå og uventa død ved ulukke eller drap
  • brå og uventa trussel på liv og helse

Dette gjeld både den/dei som er direkte berørte, pårørande eller vitne til hendingane. Psykososialt kriseteam er eit gratis lågterskeltilbod utan krav om søknad.

Me kan tilby

  • rådgjeving, rettleiing og samtale til involverte, pårørande, vitne og hjelparar
  • psykologisk førstehjelp, omsorg og støtte i akuttfase etter traumatiske hendingar
  • formidle kontakt med det ordinære hjelpeapparatet


Kven er me?

Faste medlemmer:

  • Psykiatrisk sjukepleiar frå psykisk helse- og rustenesta 
  • Helsesjukepleiar
  • Kommunelege
  • Prest


Andre personar kan trekkast inn etter behov. Til dømes:

  • Politi/lensmann
  • Kommunalsjef
  • Leiar skule/barnehage
  • ”Likemenn” (privatpersonar som har vore i liknande situasjonar sjølv)


Korleis komme i kontakt?

Det psykososiale kriseteamet er underlagt den overordna kriseplanen for Bokn kommune og blir aktivisert etter førespurnad frå overordna kriseleiing. Psykososialt kriseteam kan og rekvirerast gjennom legevakt eller via kommunalsjef helse og omsorg når det ikkje er sett kriseleiing.

Alle eksterne førespurnader til psykososialt kriseteam skal gå

  • via legevakt. Kontakt Haugesund legevakt på telefon: 116 117 heile døgnet alle dagar
  • via kommunen si overordna beredskapsleiing
  • via kommunen sitt servicetorg på telefon 52 75 25 00

Medlemmene av det psykososiale kriseteamet kan sjølve oppmode om aktivisering av teamet. Den som først blir varsla frå det psykososiale kriseteamet kallar saman dei andre medlemmane.

Medlemmene i kriseteamet inngår ikkje i vaktordning. Dei kan tiltre utanom kontortid ved behov. 

Det psykososiale kriseteamet er ikkje ein del av dei akuttmedisinske tenestene. Det vil sei at teamet skal vere operativt dei første timane eller dagane etter ei krisehending. Gruppesamansetnad og innsats vert sett etter behov.

For akutt hjelp i forhold til liv og helse skal ein nytte det ordinære hjelpeapparatet: Legevakt, AMK, politi og brannvesen.