Heimesjukepleie

1. Kva tilbyr me?
Heimesjukepleie vert gitt i brukaren sin heim til den som treng nødvendige kommunale helse- og omsorgstenester, enten på grunn av helsemessige årsaker eller nedsett funksjonsnivå. Målet er å førebyggje, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom eller funksjonsnedsetting, som igjen bidrar til at man kan bu heime så lenge som mogleg. Tenesta er tilgjengeleg heile døgnet.
Helsetenester i heimen kan vere:
•    Legemiddelhandtering
•    Sjukepleiefaglege prosedyrar
•    Hjelp og tilrettelegging for å ivareta personleg hygiene
•    Hjelp til å stå opp om morgonen
•    Hjelp til av- og påkledning
•    Hjelp ved måltid
•    Medisinsk behandling
•    Observasjonar
•    Tenesta kan og innehalde stell av sår eller infeksjonar for personar som ikkje kjem seg til fastlegen

2. Kven kan få tilbodet?
Tenesta skal ta utgangspunkt i den enkelte sine ressursar og bidra til at man opprettheld eller får igjen størst mogleg eigen meistring. 
Kven kan få innvilga heimesjukepleie:
•    Du har spesielle hjelpebehov som følgje av sjukdom eller funksjonsnedsetting
•    Du kan ikkje sjølv oppsøke helsehjelp
•    Du har behov for medisinsk behandling, kor det ikkje er nødvendig med institusjonsopphald
•    Du har behov for pleie- og omsorg ved livets slutt

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                       Telefon: 905 17 196
                                                       E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no 
                                                       Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                       Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søke om heimesjukepleie. 
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan i samanheng med dette avtale kartleggingsbesøk i heimen for å få eit inntrykk av funksjonsnivå og behov. 
Søk om heimesjukepleie  

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd