Me kan tilby

Målsetjing

  • Gje personar som oppheld seg i Bokn gode tenester for å hindra og førebyggja psykisk sjukdom
  • Gi god hjelp og støtte til dei som har psykisk liding eller rusproblem
  • Tilbodet skal ha lav terskel, alle skal kunne ta direkte kontakt med oss
  • Tenesta skal vere synleg og godt kjent i kommunen

Me kan tilby

  • individuelle planlagte eller spontane samtalar
  • kartleggjing av behov og vanskar, oppfølging og evt tilvising til andre hjelpeinstansar
  • individuell plan
  • hjelp til medikamenthandtering
  • støtte i sorg og krise
  • støtte, informasjon og veiledning (til dømes til pårørande, personal på skule og i barnehage)
  • samarbeid med spesialisthelsetenesta / andre instansar og koordinering av tenester

Kva vanskar kan me kontaktast for?

Felles for dei som tek kontakt er at dei opplever kjenslemessige og/eller sosiale vanskar som til dømes                                         

  • angst
  • depresjon
  • spiseforstyrring
  • avhengigheit
  • tvang
  • rus

Mange har trong for hjelp når dei opplever belastande livshendingar som til dømes

  • Dødsfall
  • Samlivsbrot
  • Alvorleg sjukdom
  • Vald
  • Seksuelle overgrep
  • Rus i familien
  • Mobbing
  • Sosial isolasjon

Sjå Bokn helsestasjon for ytterlegare informasjon om tilbodet til barn og unge.