Alvorleg sjukdom i familien påverkar alltid barn og unge, enten det gjeld foreldre, søsken eller andre nære. Barn og unge bør inkluderast tidleg når ein dei står nær blir alvorleg sjuk, dei ønskjer å forstå kva som skjer med den sjuke, familien og kvardagen. Søsken som pårørande treng å kjenna seg like viktige som den sjuke, og dei må erfara at vaksne tek vare på dei. Ungdom treng informasjon, delaktigheit og god kommunikasjon, samtidig som dei må ha rom for å leva sine eigne liv.
Barn og unge har individuelle behov som varierer med alder, personlegdom og situasjonen.
1. Kva tilbyr me?
Arbeidet med barn og unge pårørande skal skje i samarbeid med pasienten. Hjelpa skal vera heilskapleg, og ulike instansar må samarbeida. Helsepersonell må innhenta samtykke frå føresette for å kunne samarbeida med andre.
Me kan tilby:
• Snakke med føresette om situasjonen til barnet/ungdommen som er pårørande, og vurdere om det er behov for tiltak
• Planleggja og gjennomføra tiltak
• Gi råd og rettleiing til føresette for å støtte barn og unge pårørande
• Gjennomføre samtalar med barn/unge, med eller utan føresette til stades
• Informere skule/barnehage/fritidsaktivitet om situasjonen
• Lage ein «plan for familien» saman med barn/unge
• Hjelpe barna/dei unge å møte andre i liknande situasjon
• Samarbeide med andre tenester, som anna helsepersonell eller kontaktlærar
• Vurdere aktuelle støttetiltak i og utanfor kommunen
2. Kven kan få tilbodet?
Barn og unge (0-18 år) er pårørande når foreldre eller søsken opplever helseproblem eller døyr. Foreldre og søsken inkluderer til dømes steforeldre, fosterforeldre, adoptivforeldre og tilsvarande søsken. Helseproblema kan vera psykisk sjukdom, avhengnad, eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Det kan også vera funksjonsnedsetjingar.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Barn og unge Henriette Lindanger
Tlf: 938 51 409
E-post: henriette.lindanger@bokn.kommune.no
Vaksne Miriam Berland
Tlf: 404 10 570
E-post: miriam.berland@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
onsdag stengd
4. Slik søkjer du
Du kan sjølv ta kontakt for avtale, eller andre (fastlege/behandlar, heimetenesta, familie, vener) kan ta kontakt med ditt samtykke.
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) - Lovdata
Helsepersonells plikt til å bidra til å ivareta mindreårige barn som pårørende - Helsedirektoratet
Informasjon og støtte til barn som pårørende - Helsedirektoratet
8. Nettstader
BarnsBeste - Sørlandet sykehus HF
Unge pårørende - Pårørendesenterets egen ressurs for barn og unge pårørende mellom 7-18 år