Om Bokn
Publisert 15.11.2017
Boknatun 2011.jpg

Boknatun er kommunehuset i Bokn kommune og ligg i Boknatunvegen i Føresvik.
Bygget blei teke i bruk den 1. august 1987 og hadde ei opprinneleg grunnflate på 1 875 m2.

Publisert 18.01.2017
Kommunebuss

Kommunen sin minibuss er av merket Mercedes Sprinter, har 17 sitteplassar inkludert sjåfør og montert rullestolheis. Ein må ha sertifikat D1 for å køyra han. 

Publisert 18.01.2017

Unn deg ei interaktiv stund med fantastiske panoramabilder i fotograf Elfinn Færevågs virtuelle verd.

Publisert 03.03.2015
Røykstove

Til høgre kan du klikka deg rundt blant 15 av dei største attraksjonane i Bokn. 

Publisert 03.03.2015
heil.jpg

Ordførarkjedet i Bokn er eit gullkjede, såkalla kongekjede, og er utforma i ullstoff. Det er same ullstoff som fins i bunader, fora med fløyel. Stoffet i kjedet er kanta langs sidene med gull og sølvkjede.

Gullkjedet er kanta frå gullspenna og oppover til øvre kanten av broderiet. Her møtes gull og sølvkjedet eit stykke, og sølvkjedet tek over på resten av kantinga. På kjedet er det festa åtte ulike symbol frå Bokn, tre framme og fem bak.

Publisert 02.03.2015

Bokn sitt kommunevåpen er  "Varde i sølv på blå botn".

Publisert 02.03.2015
Føresviksentrum.jpg

Føresvik er sentrum og administrasjonssenteret i Bokn, og her finn du samla både bank, post, helsestell, bibliotek, kino, kommunale- og statlege kontor, skule, barnehage, bustadfelt, idrettsanlegg, butikk, gjestehamn og plastindustri.

Publisert 02.03.2015
02.02.15.JPG

Bokn har vore sentral gjennom alle tider. Ein meiner at namnet Bokn tyder seglingsmerke. Den karakteristiske fjelltoppen på Vestre Bokn har vore lett å kjenna igjen og kunne orientera seg etter på sjøen.

Publisert 27.02.2015
april_2015

Etter ope folkeavrøysting våren 1998 blei kusymre (kusom på dialekt) valt til Bokn sin kommuneblom. Over 35% av innbyggjarane stemde, og kusymra fekk heile 60% av stemmene blant fem blomeslag. Dei andre fire var blåklokker, løvetann, klokkelyng og røsslyng. 

Login for redigering