Kven kan få hjelp?
Krisesenter Vest tilbyr hjelp og støtte til personar som opplever ubehagelege og krenkande situasjonar, eller er utsette for vald eller truslar om vald av nokon som står dei nær. Senteret gir bu- og dagtilbod til kvinner, menn, barn, eldre og LHBT-personar.
Du treng ikkje tilvising eller timeavtale.
Me kan tilby
Tilbodet omfattar:
- samtalar
- støtte og praktisk hjelp
- råd og rettleiing
- hjelp til bearbeiding
- informasjon om rettar og muligheter
- formidling av kontakt med andre hjelpetilbod
- advokatbistand
- oppfølging etter opphald
Korleis komme i kontakt
Krisesenter Vest IKS
Pb. 495
5501 Haugesund
Telefon: 52 72 98 84 (døgnopen)
E-post: post@krisesentervest.no
Meir informasjon
krisesentervest.no