Korttidsopphald

1. Kva tilbyr me?
Korttidsopphold er eit tilbod til personar som har behov for eit midlertidig opphald på institusjon.
Korttidsopphald er ei målretta teneste som tar sikte på å gjere den enkelte i stand til å komme heim og bu heime lengst mogleg. Ein skil mellom to typar opphald; korttidsopphald og avlastning. Tenesta er bemanna heile døgnet.

2. Kven kan få tilbodet?
•    Personar som i ei avgrensa periode har omfattande behov for pleie, omsorg, behandling og/eller rehabilitering
•    Personar som har eit behov som ikkje kan ivaretakast på fagleg måte ved hjelp av hjelpemiddel, heimetenester eller andre kommunale tenester
•    Personar som har behov for pleie og omsorg ved livets slutt

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                        Telefon: 905 17 196
                                                        E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no 
                                                        Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                        Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søke om korttidsopphald. 
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan i samanheng med dette avtale kartleggingsbesøk i heimen for å få eit inntrykk av funksjonsnivå og behov. 
Søk om korttidsopphald.

5. Kva kostar det?
Korttidsopphald er ein betalingsteneste og prisen vert fastsett av kommunestyre årleg. Sjå Bokn kommune sitt gebyrregulativ.
Eigenbetaling:
•    Forskrift om eigenbetaling av kommunale helse- og omsorgstenester §§ 3 og 4: Etter 60 døgn i same kalenderår har kommunen moglegheit til å berekne vederlag som for langtidsplass
•    Eigenandel ved pasientreiser (drosje, kontrollar på sjukehus, tannklinikk og liknande skal betalast av pasient/brukar
•    Transport tur/retur Sjukestova skal betalast av pasient/brukar 
Sjukestova har ikkje ansvar for verdigjenstandar og private eigedelar som briller og høyreapparat. Du må teikna eiga forsikring på desse. 
 

6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
•    Pasient- og brukarrettighetslova § 2-1a
•    Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd
•    Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd pkt 4, 5 og 6 bokstav c 
•    Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester §4