Fysio- og ergoterapitenesta og hjelpemiddel Bokn kommune

Bokn har ein kommunal fysioterapeut i 75% stilling, Irene Høyvik Jørgensen, og ein kommunal ergoterapeut i 20% stilling, Wiviann Nesheim Indrevoll.

Av Irene Høyvik Jørgensen

Fysioterapi

Hovudsakleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering/opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen etter skade, sjukdom eller funksjonsfall, arbeid blant born og ungdom og hjelpemiddelformidling/enkel bustadtilrettelegging.  Fysioterapeuten samarbeider m.a. med helsesjukepleiar, tilsette i barnehage og skule, og kan gi rettleiing og råd der, og til foreldre.

Behandlingstid for tilviste saker varierer etter type saker og blir prioriterte etter ein prioriteringsnøkkel utarbeida for fysioterapitenesta på Bokn.

Vaksne som kjem seg til fysioterapeut sjølve går til privatpraktiserande fysioterapeut for behandling. Bokn kommune har ein fysioterapeut med driftstilskot, Geir Austvik, tlf. 91 61 23 91. Du treng ikkje tilvising frå fastlege for å gå til fysioterapeut. 

Les meir om tilvising hos Helsenorge

Ergoterapi

Arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten er hovudsakleg innan kvardagsrehabilitering og rehabilitering. Ergoterapeuten kan også bistå med formidling av hjelpemiddel og tilrettelegging av bustad, samt vere tilgjengeleg for rettleiing/oppfølging av born med finmotoriske vanskar, og vurdere behov for kognitive hjelpemiddel.

Kvardagsrehabilitering

Sjå eigen artikkel

Hjelpemiddel

Ved behov for hjelpemiddel for ein kort periode kan ein få låne hjelpemiddel frå kommunen sitt korttidslager, m.a. toalettforhøyar, dusjkrakk, rullator. Ta kontakt med fysioterapeuten for avtale, så kan ein hente hjelpemidla på Boknatun. Ved planlagt operasjon bør ein ta kontakt i god tid på førehand slik at ein kan ha hjelpemidla klare til utskriving. Ved spesielle tilfelle der det oppstår akutt behov i helger/ettermiddag kan ein kontakte sjukestova.

Dersom behovet for hjelpemiddel er varig (2 år eller meir) kan fysioterapeut eller ergoterapeut hjelpe med å vurdere behov og søke NAV hjelpemiddelsentral om hjelpemiddel. Småhjelpemiddel som gripetang, handtak m.m. må brukar kjøpe sjølv.

Kommunal fysioterapeut/ergoterapeut har og ansvar for å søkje om syns- og høyrselshjelpemiddel.

Pris:

Kommunen kan krevje vederlag av brukaren. Vederlaget er fastlagt i statlige forskrift (sjå under Lover og retningslinjer). For tekniske hjelpemiddel der behovet er varig (over 2 år), blir desse dekka av folketrygda. Kommunen dekker utlån ved kortare behov. 

Kontakt: Ein treng ikkje tilvising frå fastlege men kan sende inn førespurnad på skjema som ligg på nettsida. Ved spørsmål kan ein ta kontakt med fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen telefon på 901 13 267 eller epost irejor@bokn.kommune.no. Helsesjukepleiar, barnehage, skule og andre kan og ta kontakt med fysioterapeut etter samtykke frå foreldra.

Førespurnaden kan sendast til:

Bokn kommune
v/fysioterapitjenesten
Boknatunvegen 37
5561 Bokn

Meir informasjon i desse dokumenta

Fysio/ergo
Tittel Publisert Type
Infoskriv vedr søknad scooter

18.12.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Infoskriv vedr søknad scooter.pdf
Prioriteringsnøkkel fysioterapitjenesten Bokn kommune

18.12.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Prioriteringsnøkkel fysioterapitjenesten Bokn kommune.pdf
SØKNAD OM FYSIOTERAPI ERGOTERAPI OG HJELPEMIDLER

18.12.2020 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned SØKNAD OM FYSIOTERAPI ERGOTERAPI OG HJELPEMIDLER .pdf

Artikkelliste