Bokn radio- og fjernsynssendar

Bilder viser Boknafjellet med radio- og fjernsynssendar. - Klikk for stort bileteBoknafjellet med radio- og fjernsynssendar. Kyrre Lindanger

Boknafjellet er eit landemerke for boknarane og eit seglingsmerke for sjøfarande. Når nederlendarar og andre nasjonalitetar kom seglande inn mot norskekysten, var Buch van See, det nederlandske namnet på Bokn, det fyrste dei såg. For sjøfarande har fjellet til alle tider vore eit viktig seglingsmerke.

På toppen sto frå utgammal tid ein brannvarde og i moderne tid, frå 1960, Bokn radio- og fjernsynssendar. Frå denne 170 meter høge masta sendar Norkring ut bilete og lyd for tv og radio. Boknafjellet på 294 m.o.h. er det høgaste punktet mellom Siggjo på Bømlo og Synesvarden på Jæren. På klare dagar kan ein sjå store delar av Rogaland og Hordaland.

Kart