1. Kva tilbyr me?
Omsorgsstønad er ein økonomisk kompensasjon du kan få av kommunen viss dei vurderer at du har veldig tyngjande omsorgsarbeid, og gjer oppgåver som elles måtte vore utført av kommunen. Kommunen bør saman med deg finne ut kva dei kan tilby deg av nødvendig pårørandestøtte, i form av rettleiing, opplæring og avlastning, samt øvrig tenestetilbod til den du har omsorg for.
For å få tildelt omsorgsstønad må kommunen ha vurdert dette som den mest hensiktsmessige måten å yte tenester på i kvart enkelt tilfelle. Denne vurderinga skal skje i samarbeid med deg som omsorgsytar, og eventuelt omsorgsmottakar.
Det er ingen som har ei lovfesta rett til omsorgsstønad, men kommunen har ei plikt til å tilby ordninga.
2. Kven kan få tilbodet?
Ordninga omfattar både omsorgsytarar utan omsorgsplikt og foreldre som har omsorgsplikt for sine mindreårige barn.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Koordinerande eining Anne Grethe Amdal Osvåg
Telefon: 468 61 866
E-post: annosv@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
4. Slik søkjer du
Både omsorgsgivar og omsorgsmottakar kan søkje om omsorgsstønad. Du får informasjon om korleis du søkjer ved å ta kontakt med kommunen, eller ved å følgje linken til søknadsskjema.
Søk om omsorgsstønad
Kommunen har plikt til å gi deg ei skriftleg vedtak på søknaden. Dersom du får avslag skal dette grunngjevast i vedtaket.
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Omsorgsstønad - Helsenorge