1. Kva tilbyr me?
Frisklivssentralen
• gir tilbod om hjelp til å endre levevanar, primært innaføre områda fysisk aktivitet, psykisk helse, kosthald og snus/tobakk
• gir tilbod om individuell samtale for å kartleggje den enkelte sine behov. Samtalen vert gjennomført før tilbodet tek til og i etterkant av gjennomført oppfølging.
• tilbyr råd og rettleiing individuelt og/eller i gruppe. Grunna samarbeidsavtale med omliggjande kommunar kan gruppetilbod gå føre seg på Karmøy, i Haugesund eller Tysvær.
2. Kven kan få tilbodet?
Tilbodet er til vaksne innbyggjarar i kommunen som ynskjer å endre levevanane sine. Tenesta er særskilt retta mot dei med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og som treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Frisklivskoordinator Miriam Berland
Tlf. 404 10 570
E-post: friskliv@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30 (ikkje onsdag)
4. Slik søkjer du
Du kan ta kontakt med Frisklivssentralen sjølv eller du kan verta tilvist av fastlege eller anna helse- eller sosialfagleg personell.
Du kan også fylle ut Frisklivsresept.
5. Kva kostar det?
For gruppetilbod og kurs må du må betale for deltaking og kursmateriell.
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Lover og reglar
Veileder for kommunale frisklivssentraler (helsedirektoratet.no)
8. Samarbeidspartar / nettstader
Fysisk aktivitet: Aktiv på 30 dager - Helsenorge
Kosthald: Kostrådene - Helsenorge
Snus- og røykeslutt: Slutte å snuse og røyke - Helsenorge
Psykisk helse: Psykisk helse - Helsenorge