Kommunal bustad

1. Kva tilbyr me?
Kommunen har seks kommunale bustadar.
Søkjar til kommunal bustad kan bli sett på venteliste dersom det ikkje er ledige bustadar ved tildeling.

2. Kven kan få tilbodet?
Kommunal bustad vert tildelt personar som er vanskelegstilt på bustadmarknaden. 
•    Du er utan eigen bustad
•    Du treng hjelp til å skaffe deg bustad på grunn av dårleg økonomi, nedsett funksjonsevne, helsemessige eller sosiale problem, dårleg kunnskap om den norske bustadmarknaden eller liknande tilhøve
•    Du treng endring av noverande butilhøve grunna helsemessige eller sosiale orsakar, eller bur i ein bustad som er erklært helsefarleg
•    Du har fylt 18 år og har lovleg opphald i Noreg. Du har hatt bustadadresse Bokn dei siste 6 månadene, eller har nær familie som fyller kravet til bu -tid i kommunen
Personar som er i akutt mangel på bustad kan via NAV bli tildelt midlertidig bustad. Då vert kontrakten skriven direkte mellom NAV og leigetakar.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                   Telefon: 905 17 196
                                                   E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no  
                                                   Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn  
                                                   Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Søk om kommunal bustad 
Koordinerande eining i kommunen handsamar søknaden når det all etterspurt dokumentasjon og opplysningar føreligg. Du må i søknaden seie noko om nåverande buforhold (eig/leiger bustad, andre forhold) og noverande folkeregistrert adresse. Du må også leggje ved: 
•    Dokumentasjon på inntekt, dvs:
-    Brutto arbeidsinntekt pr månad for den som står oppført som søkjar
-    Brutto arbeidsinntekt pr månad for ektefelle/sambuar
-    Formue; bankinnskot, aksjar, likningsverdi bustad for den som står oppført som søkjar
-    Formue; bankinnskot, aksjar, likningsverdi bustad for ektefelle/sambuar
-    Ytingar frå NAV pr månad søkjar
-    Ytingar frå NAV pr månad ektefelle/sambuar
-    Har du søkt om bustøtte (Husbanken)
-    Har du søkt om boligtilskot
-    Har du søkt om startlån eller bustadlån i husbanken
-    Anna inntekt
•    Dokumentasjon på utgifter:
-    Barnehage/SFO
-    Barnebidrag
-    Evt. husleige
•   Nåverande låneforpliktingar (samla oversikt over gjeld):
-    Bustadlån
-    Studielån
-    Forbrukslån
-    Kredittkortgjeld
-    Gjeld frå tidlegare leigeforhold i kommunen
Tenestemottakar sitt ansvar:
•    Betaling av husleige, straum og utgifter knytt til hushaldet
•    Forsikring av innbu
•    Innreiing av eigen bustad
•    Reingjering av eigen bustad
•    Bidra til eit godt miljø
•    Eigenandel for betalande tenester 

5. Kva kostar det?
Eigenbetaling vert regulert av husleigekontrakt, i høve til takstheftet som årleg vert regulert av kommunestyret.

6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 

7. Lover og reglar 
Husleigelova § 11-1
Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet [boligsosialloven]
Retningsliner for tildeling av kommunal bustad i Bokn kommune