Bautastein, Asbjørn Kloster

Bildet viser bautastein over Asbjørn Kloster.  - Klikk for stort bileteBautastein over Asbjørn Kloster. Kjetil Eivind Øvrebø Hamre

Eit steinkast aust for Bokn kyrkje står ein bautastein over grunnleggjaren av den moderne fråhaldsrørsla i Noreg, Asbjørn Kloster. Han vart fødd på Boknaberg i 1823. Den oppvakte guten lærte seg engelsk på eiga hand og fekk etter ei tid solid utdanning ved kvekarskular i England.

Han blei sentral innan norsk kvekarrørsle på 1800-tallet. Kloster spela ei aktiv rolle både som forkynnar, pedagog - og mot slutten av livet sitt, som forretningsmann og skipsreiar. Steinen er reist i 1923 – nøyaktig på 100 års dagen hans.

Kart