22. Strandtuftene (fjøremannsbuene) i Hognalandsbassenget

I dag er 160 av fjøremannstuftene i Bokn registrerte, noko som representerer den største samlinga av slike tufter i landet. Tuftene ligg i lune vikar og gode hamner for mindre fartøy og låg opphavleg rett ovanfor flomålet, men ligg nå to – tri meter høgare. Det er reist gravrøyser nær tuftene, kanskje i samband med tuftene. Såleis kan det sjå ut til at dei har vore i bruk alt i førkristen tid. Dei varierer mykje i form og kvalitet. Nokre er ikkjestort meir enn store groper, andre er sirkelrunde steinsetjingar, nokre er kvadratiske og nokre rektangulære. Desse siste har som regel eit eller to rom. Somme tufter ligg einskildvis, andre delar vegg med andre tufter slik at dei minner om bikubar. I tillegg er nokre tufter lagde i hellarar. Tuftene ligg gruppevis fråfire til 28 i kvar. Flatearealet til kvar tuftene er i gjennomsnitt fem – seks kvadratmeter, nokre større, nokre mindre. Elles ligg dei side om side og stundom vegg i vegg. Likevel kryssar ikkje veggane  kvarandre same kor tett dei ligg. Det kan altså sjå ut til at dei var bygde og vore i bruk om lag på same tid.

 

Kart