1. Kva tilbyr me?
Fritidskontakt er ei teneste til born, unge, vaksne eller eldre som treng støtte og hjelp til deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Fokus er å bryte isolasjon ved at menneske kjem seg ut av heimen på ulike sosiale, kulturelle eller fysiske aktivitetar.
Vedtak om fritidskontakt er målstyrt og tidsavgrensa.
Målsetjing for tenesta blir utarbeidd saman med deg.
Tilbodet kan organiserast individuelt, i gruppe eller i samarbeid med ein frivillig organisasjon.
2. Kven kan få tilbodet?
Du kan søkje om å få fritidskontakt på bakgrunn av sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale utfordringar eller nedsett funksjonsevne. Det er dine / eventuelt din familie sine behov som er avgjerande ved tildeling av fritidskontakt.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon for deg som treng eller ønskjer å bli fritidskontakt:
Einingsleiar pleie og omsorg May Lisbeth B. Fiskaaen
Telefon: 905 17 196
E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30
4. Slik søkjer du
Søk om fritidskontakt
Skjema for deg som vil vere fritidskontakt
5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Du må sjølv dekke eigne utgifter til aktivitetar (eks inngangspengar, billett, mat).
Du må også dekke eigne utgifter til transport (eks buss, privat bil)
Dersom du treng følgje eller assistanse for å gå på kultur- og fritidsarrangement kan du søkje kommunen om følgekort.
6. Klage
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
7. Nettstader
Støttekontakt - Helsenorge
Ledsagerbevis - Helsenorge
Hjem - Fritid for alle