Fysio- / ergoterapitenesta

1. Kva tilbyr me?
Fysioterapi:     
Hovudsakleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering/opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i
heimen etter skade, sjukdom eller funksjonsfall, arbeid blant born og ungdom og
hjelpemiddelformidling/enkel bustadtilrettelegging.  Fysioterapeuten samarbeider m.a. med
helsesjukepleiar, tilsette i barnehage og skule, og kan gi rettleiing og råd der, og til foreldre.
Behandlingstid for tilviste saker varierer etter type saker og blir prioriterte etter ein prioriteringsnøkkel utarbeida for fysioterapitenesta på Bokn.
Ergoterapi:     
Arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten er hovudsakleg innan kvardagsrehabilitering og rehabilitering. Ergoterapeuten kan også bistå med formidling av hjelpemiddel og tilrettelegging av bustad, samt vere tilgjengeleg for rettleiing/oppfølging av born med finmotoriske vanskar, og vurdere behov for kognitive hjelpemiddel.

2. Kven kan få tilbodet?
•    du treng hjelp til å førebyggja og behandla skadar og sjukdommar i muskelskjelettsystemet
•    du har nedsett eller redusert funksjon som påverkar meistring av daglege aktivitetar eller gjeremål
•    du treng hjelp til å halda oppe og betre funksjonsevne 
Vaksne som kjem seg til fysioterapeut sjølve går til privatpraktiserande fysioterapeut for behandling. Bokn kommune har ein fysioterapeut med driftstilskot, Geir Austvik, tlf. 916 12 391.

3. Korleis få tilbodet?
Du treng ikkje tilvising frå fastlege men kan sende inn førespurnad på skjema som ligg på nettsida. 
Helsesjukepleiar, barnehage, skule og andre kan og ta kontakt med fysioterapeut etter samtykke frå foreldra.

Kontaktinformasjon:

Kommunal fysioterapeut    Irene Høyvik Jørgensen    
                                                Telefon: 901 13 267
                                                 E-post: irene.hoivik.jorgensen@bokn.kommune.no

Kommunal ergoterapeut    Tonje Kro Medhaug
                                                 Telefon:
                                                 E-post: tonje.kro.medhaug@bokn.kommune.no 

                                                 Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
                                                 Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Søk om fysio-/ergoterapi

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Kva er fysioterapi? - Helsenorge 
Informasjon vedr søknad scooter
Prioriteringsnøkkel fysioterapitenesta i Bokn kommune