Matombringing

1. Kva tilbyr me?
Helse- og omsorgstenesta har tilbod om middagsutlevering til eldre heimebuande. Dette gjer at dei kan få eit varmt måltid kvar dag om dei ynskjer det. 
Bebuarane i omsorgsbustadane kan i tillegg søkje på ulike servicepakkar:
•    Servicepakke 1: middag måndag – onsdag
•    Servicepakke 2: middag fredag – søndag
•    Servicepakke 3: alle måltider (frokost, middag, kaffimat og kveldsmat) mandag – torsdag
•    Servicepakke 4: alle måltider fredag - søndag
Det er mogleg å kombinere dei ulike pakkane, for eksempel søkje om både servicepakke 3 og 4.

2. Kven kan få tilbodet?
Personar som bur eller oppheld seg i kommunen kan få matombringing. I tillegg må du ha eit særleg behov for tenester grunna sjukdom eller sviktande helse. Tildelinga skjer på bakgrunn av ei konkret og individuell vurdering av bistandsbehovet ditt.
•    Du treng hjelp til ernæring 
•    Du treng hjelp til matlaging 
•    Du har kronisk sjukdom 
•    Du har funksjonsnedsetjing
•    Du har underernæring/vekttap

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Einingsleiar pleie og omsorg     May Lisbeth B. Fiskaaen    
                                                       Telefon: 905 17 196
                                                       E-post: may.lisbeth.bosvik.fiskaaen@bokn.kommune.no  
                                                       Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                       Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Søk om matombringing 
Skriftleg og underskriven søknad skal innehalde nødvendige helseopplysningar. Alle søknader vert sakshandsama etter kartlegging og skal stå i forhald til individuelle behov.

5. Kva kostar det?
Sjå Bokn kommune sitt gebyrregulativ.

6. Klage 
Klagefrist er 4 veker frå du tek imot vedtaksbrevet. Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Matombringing er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta kan heimlast i lov om sosiale 
tenester, kommunehelsetenestelova eller kommunale kriterium.
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)