1. Kva tilbyr me?
Kommunal fysioterapeut i Bokn kommune tilbyr gruppetrening for eldre som bur heime og som ønskjer å få betre balanse og styrke i beina.
Målsetjinga med gruppa er å betre balanse for å forhindre fall og fortsette å vere sjølvstendige heime. Treninga skjer i ei gruppe med begrensa antal og foregår ein gong i veka i 10 veker.
Er gruppa full nå kan du stå på liste til neste gruppe startar. Det blir fleire grupper per halvår.
Etter treninga ønskjer me å opne allrommet for kaffi og drøs og gjerne nokre nysteikte vaflar. Både til dei som har trent, dei som gjerne køyrer dei, men det er også ope for alle andre.
2. Kven kan få tilbodet?
Målgruppa her er eldre som er ferdige med kvardagsrehabilitering eller eit individuelt rehabiliteringsforløp, og eldre som bur heime og merkar at balanse og styrke ikkje lenger er det det ein gong var.
3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:
Kommunal fysioterapeut Irene Høyvik Jørgensen
Telefon: 901 13 267
E-post: irene.hoivik.jorgensen@bokn.kommune.no
Besøksadresse: Boknatunvegen 39, 5561 Bokn
Kontortid: måndag – fredag kl 08.00 – 15.30
4. Slik søkjer du
Ta kontakt med kommunal fysioterapeut på telefon / SMS / e-post.
5. Kva kostar det?
Pris er kr 300,-
6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing.
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage.
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet
6. Lover og reglar
Fallforebygging - Helsenorge