Koordinator

1. Kva tilbyr me?
For pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, skal kommunen tilby koordinator. 
Koordinator skal:
•    Sikre at pasient og brukar får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
•    Sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet
•    Sikre pasient- og brukars medverknad og innflytelse 
•    Styrke samhandlinga mellom tenesteytar og pasient- og brukar, og eventuelt pårørande
•    Styrke samhandlinga mellom tenesteytarar på tvers av fag, nivå og sektorar
•    Sikre framdrift i arbeidet med individuell plan

2. Kven kan få tilbodet?
Du som har behov for fleire tenester over ei viss tid, og der tenestene må samarbeida for at tilbodet skal bli heilskapleg og koordinerte. Behovet treng ikkje å vera varig. Det gjeld uavhengig av alder eller kva diagnosar eller funksjonsutfordringar du har.

3. Korleis få tilbodet?
Kontaktinformasjon:

Leiar koordinerande eining     Anne Grethe Amdal Osvåg    
                                                      Telefon: 468 61 866
                                                      E-post: annosv@bokn.kommune.no
                                                      Besøksadresse: Boknatunvegen 37, 5561 Bokn  
                                                      Kontortid: måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30

4. Slik søkjer du
Det er koordinerande eining i Bokn kommune som har det overordna ansvaret for koordinator.
Det er ikkje krav til søknad og enkeltvedtak. Kommunen har plikt til å tilby koordinator.

5. Kva kostar det?
Tenesta er gratis.

6. Klage
Du kan klage dersom du meiner du ikkje har fått den tenesta du ønskjer, eller det er forhold ved tenesta du ikkje er nøgd med. Klage skal vere skriftleg og sendast til Bokn kommune ved kontaktperson/sakshandsamar. Skriv kva som er problemet, og eventuelle ønskjer for løysing. 
Kontaktperson/sakshandsamar i kommunen har rettleiingsplikt dersom du ønskjer å klage. 
Hvordan klage på helse- og omsorgstjenester | Statsforvalteren.no
Pasient- og brukerombudet

7. Lover og reglar 
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) 
Koordinator i kommunen og spesialisthelsetjenesten - Helsedirektoratet 
Individuell plan - en rettighet - Helsenorge